-
-
-
-
-
- mp3
-
-
-
-
.: G Glittertind Mellom Bakkar Og Berg
Anne Knutsdotter

Eg heiter Anne Knutsdotter, Kari er mi mor,
og Truls han er min bror;
me bur oppå ein plass, der som ingen skulde tru
at nokon kunne bu.
Og plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Svelt-i-hel!

Ja plassen ligg så høgt, høgt oppe i ei ur
tett under berge-mur;
og det er ikkje meir enn at me på simpel vis
kan fø to kyr og ein gris.
Og kyrne heiter Dagros, Fagros, gamle Fagros,
Grisen heiter Giss, Giss, Giss.

Og heile dalen ser me der oppe fulla godt,
men allting er så smått;
for folket dei er slett ikkje større enn som så,-
når dei der nede gå.
Om sommarn er det moro å gå og plukke bær,
i munn og neverkopp.
På stovetaket veks det to unge hegge-kjerr,
som geita eter opp.
Og geita heiter: Snøgga, Stygga, Lurverygga,
høna heiter: Tipp, Tipp, Tipp.

Og vinteren kan jamt ikkje vera oss for god
med frost og fok og snjo;
då kan det ofte over dei fjorten dagar gå
som me ikkje folk får sjå.
Og far min han er kramkar, han strevar trottig nok
og fer så vidt omkring.
Ho mor må stelle huset, eg spinner på min rokk,
Men han Truls gjer ingenting.
Og plassen heiter Uren, Luren Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Svelt-i-hel!
Svelt-i-hel!
Svelt-i-hel!

[ ]

 HellShop.org - Black Metal, Pagan Metal, Viking Metal !
?